Vald og truslar

Alle tilsette skal ha ein trygg arbeidskvardag. Likevel kan det oppstå hendingar som utfrodrar di oppleving av tryggleik. I møte med desse utfordringane er det viktig at du som tilsett har tilstrekkeleg kompetanse, både før, under, og etter at situasjonen har oppstått.

Temaside: vald og truslar 

Temasida er delt i tre: 

  • Førebygging: Vår forståing i møte med mennesker, og korleis vi gjennom auka sjølvinnsikt kan legge til rette for bedre menneskemøter. Her finn du følgande tema; risikovurdering, menneskemøter, refleksjon, traumebevisst forståing, toleransevindauge og smerteuttrykk. 
  • Handtering: Korleis vi opptrer i møte med mennesker som har det vanskeleg. Her finn du følgande tema; empatisk kommunikasjon, validering, fysiske teknikkar og simulering. 
  • Oppfølging: Korleis bør vi følge opp i etterkant av ei hending. Her finn du følgande tema; kollegastøtte, debrief og eit avsluttande tema om å ta vare på deg sjølv og andre. 

Slik blir sida brukt

Sida kan nyttast kronologisk ved at du startar på første tema under førebygging. Du kan også starte på eit anna tema som er relevant for din arbeidssituasjon. Til kvart tema er det ein video som gir ein kort introduksjon, ein forklarande tekst om tema og aktuelle ressursar og lenker. 

Døme på bruk i ei personalgruppe: 

Velg eit relevant tema. Sjå filmen saman på eit personalmøte eller i ei pause. Gjennomfør ein refleksjon i gruppa eller tilpass ei praktisk øving eller simuleringstrening knytt til tema. 

Førebygging

personer rundt ett bord - Klikk for stort bilete

 

Handtering

dame i telefon - Klikk for stort bilete

 

Oppfølging

personer som sitter å prater sammen - Klikk for stort bilete