Lærling i Sykkylven kommuneVi meinar det er viktig å satse på lærlingar for å vidareutvikle yrkesfaga og tenestane. Derfor satsar vi på fagutdanning. Publisert 26.09.2023 14.17 Sist endra 21.01.2026 08.19 Vi tek inn lærlingar fortløpande gjennom året, men med hovudinntak med frist 1. mars. Alle elevar som ønskjer lærlingplass i hovudopptaket i mars må huske å søkje i VIGO samt sende søknad til Sunnmøre opplæringskontor . Sykkylven kommune er medlem i eit aktivt opplæringskontor som driv eit omfattande informasjons-, rekrutterings- og rettleiingsarbeid mot lærlingane. Løn i lærlingtida Læretida inneheld ei opplæringstid og ei verdiskapingstid. Løn til lærlingen er fastsett til 50 % av minsteløn for fagarbeidar. Fag som følger hovudmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i kommunen. Årsløna er for tida kr. 452.500 fordelt over 2 år, som utgjer kr 18.854 pr. månad. Eventuelle turnustillegg leggast til. I tillegg kan lærlingen søke stipend og lån frå lånekassa i læretida:Sjå informasjon på Lånekassen Vi er godkjent lærebedrift for følgjande lærefag: Barne- og ungdomsarbeiderfagHelsearbeiderfagIt-driftsfagErnæringskokkfagLenkerSunnmøre OpplæringskontorKorleis bli lærling