Lærling i Sykkylven kommuneVi meinar det er viktig å satse på lærlingar for å vidareutvikle yrkesfaga og tenestane. Difor satsar vi på fagutdanning. Publisert 26.09.2023 14.17 Sist endra 31.05.2024 15.18 Vi tek inn lærlingar fortløpande gjennom året, men med hovudinntak med frist 1. mars. Alle elevar som ønskjer lærlingplass i hovudopptaket i mars må huske å søkje i VIGO samt sende søknad til Sunnmøre opplæringskontor . Sykkylven kommune er medlem i eit aktivt opplæringskontor som driv eit omfattande informasjons-, rekrutterings- og rettleiingsarbeid mot lærlingane. Løn i lærlingtida Læretida inneheld ei opplæringstid og ei verdiskapingstid. Løn til lærlingen er fastsett til 50 % av minsteløn for fagarbeidar. Fag som følgjer hovudmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i kommunen. Årsløna er for tida kr 415.300 fordelt over 2 år, som utgjer kr 17.304 pr. månad. Eventuelle turnustillegg leggast til. I tillegg kan lærlingen søkje stipend og lån frå lånekassa i læretida. Sjå informasjon på Lånekassen Vi er godkjent lærebedrift for følgjande lærefag: Barne- og ungdomsarbeiderfag.Helsearbeiderfag.It-driftsfag.LenkerSunnmøre OpplæringskontorKorleis bli lærling