Kommunaleigde selskap

Sykkylven kommune har direkte eigardelar i aksjeselskap. I tillegg deltek kommunen i ulike interkommunale samarbeid. Desse selskapa forvaltar store verdiar på vegner av fellesskapet. Målet er å vere ein ansvarleg eigar som bidreg til god utvikling, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring. 

Eigarskap i kommunale selskap

Eigarskapsmelding

Sykkylven kommune har utarbeidd ei eigarskapsmelding som legg føringar for korleis kommunen skal utøve eigarskap i selskap og samarbeid. Meldinga skal sikre: 

  • god utvikling av selskapa 
  • langsiktig verdiskaping 
  • openheit og tydeleg styring

Eigarskapsmeldinga blei vedteken av kommunestyret 27.03.2023 (sak 17/23).

Overordna mål for eigarskap 

Sykkylven kommune skal vere ein ansvarleg og langsiktig eigar. Kommunen skal forvalte fellesskapet sine verdiar på ein måte som skapar tillit og gir høgast mogleg avkastning over tid, eller mest mogleg effektiv måloppnåing av samfunnsoppdraget. 

Alt eigarskap skal utøvast på ein berekraftig og ansvarleg måte. 

Selskap der kommunen er eineeigar eller majoritetseigar

Kontakt

Torbjørn Ove Emblem
Kommunedirektør
E-post
Mobil 46 40 56 10

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post