Kommunaleigde selskap

Sykkylven kommune har direkte eigardelar i aksjeselskap og interkommunale selskap. Vidare deltek kommunen i større og mindre interkommunale samarbeid. Samla vert det forvalta store verdiar i desse selskapa. Målet er å utøve eit eigarskap som samla sett skal bidra til godt utvikling av selskapa, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring. 

Eigarskapsmelding

Det har blitt utarbeidd ei eigarskapsmelding for Sykkylven kommune, som skal legge til rette for at kommunen kan utøve eit eigarskap som samla sett skal bidra til god utvikling av føretaka, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring. 

Sykkylven kommune si eigarskapsmelding (PDF, 15 MB) - vedteke i Sykkylven kommunestyret 27.03.2023 i sak 17/23

Overordna mål for eigarskap i Sykkylven kommune

Sykkylven kommune skal vere ein ansvarleg eigar med langsiktig perspektiv. Fellesskapet sine verdiar skal forvaltast på ein måte som gjev tillit hos allmenta. Sykkylven kommune si eigarutøving skal bidra til høgast mogeleg avkastning over tid, eller mest mogeleg effektiv måloppnåing av samfunnsmessige mål. Måla skal nås på ein berekraftig og ansvarleg måte.

Selskap der Sykkylven er eineeigar eller majoritetseigar