Sykkylven kommune

Vel det beste for deg og dine.  Eit aktivt liv i fagre omgjevnadar i Sykkylven. 

Vi tek gjerne imot deg.

Vår visjon " Skaparglede "

Sykkylven.com finn du det meste Sykkylven har å by på.

Sykkylven kommune ligg sentralt til i hjartet av Sunnmørsalpane. Storfjorden går over i Sykkylvsfjorden og delar kommunen i to. Sykkylvsbrua gjer avstanden kort mellom bygdelaga. Kommunen har omlag 7.700 innbyggarar. Sykkylven ligg nær Moa, som har Norges største kjøpesenter, og Ålesund by, som ein når på  berre 40 min. Det går ferje heile døgnet. Til Ålesund lufthamn Vigra brukar ein 50 min med bil/ferje. Flyttar ein seg i motsett retning i kommunen, kjem ein til Fjellsetra friluftsområde, og Sunnmørsalpane skiarena med heisanlegg for alpinsport og oppkjørt løypenett for tur/langrenn.   

Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med videregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.