Klimaklok bilparkVi skal vere ein klimaklok kommune. Difor må kommunen bidra, feie for eiga dør, og redusere eigne utslepp. Elbilparken vår er ein del av arbeidet vårt for å oppnå dette, seier kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen.Det siste tilskotet til elbilparken er fire nye el-bilar til bruk i heimetenestene. Publisert 05.07.2023 12.09 Sist endra 07.11.2024 08.15 Positiv tilbakemelding frå dei tilsetteTilbakemeldinga frå dei tilsette i heimesjukepleia er at dei nye el-bilane er gode å køyre, spesielt på småkøyring som ein har ein del av i denne tenesta. Det er også eit stort pluss at dei er miljøvennlege.Lading kan vere utfordrande i ei døgnbemanna teneste, men med gode rutiner på plass, og omstillingsdyktige tilsette har dette gått veldig bra. Alt i alt er tilbakemeldingane positive!Satsar på el-bilar også i framtidaSykkylven kommune kjem ut med anbod for å anskaffe 5-10 nye heil-elektriske bilar med 4hjulstrekk i løpet av hausten, for levering i 2024. Vi vil og vurdere overgang til el-varebilar i overgangen 2023/2024. Frå tidlegare har Sykkylven kommune 1 heil-elektrisk varebil.