Fargeveiledar

Aure sentrum har fått sin eigen fargeveiledar! I den finn du både ein fargeplan med konkrete fargeforslag for enkeltbygningar og ein utvida palett med 40 fargar som kan brukast som utgangspunkt ved framtidige fasadeendringar.

Fargar med historisk forankring

Fargar har vore ein del av Aure sentrum heilt sidan før gjenreisninga etter brannen i 1939. Historiske fotografi og måleri viser eit sentrum med mellom anna okertonar, lyse gultonar, oksidraudt, olivengrønt, gulgrønt og enkelte blåfargar.

I dag er sentrum i større grad prega av kvite, grå og andre dempa fargar. Fargeveiledaren tek utgangspunkt i den historiske fargebruken, men også i dagens bygningar, materialar og omgjevnader.

Målet er å få fram meir av variasjonen som har vore ein del av Aure, og samtidig ta vare på samspelet mellom bygningane.

Fargane er vurderte ut frå mellom anna arkitektur, materialitet, lysforhold, nabobygningar, landskap og historiske referansar. Kyrkjevegen er ein viktig akse gjennom sentrum, og her er det lagt opp til ein tydelegare fargekarakter.

Mot ytterkantane av området blir fargane rolegare.

Arbeidet med paletten byggjer på historiske fotografi og måleri, registrering av dagens bygningar og fargebruk, og originale fargar som er funne på enkelte bygningar. Det er ikkje gjennomført fargearkeologiske undersøkingar av alle bygningane, men dei historiske kjeldene gir viktige referansar for fargevala.

Kva farge skal huset mitt ha? 

I fargeveiledaren finn du eit kart over fargeplanen for Aure sentrum. Her har mange av bygningane fått eit konkret forslag til hovudfarge.

Dersom huset ditt er med i fargeplanen, oppmodar kommunen deg til å ta utgangspunkt i den foreslåtte fargen når fasaden skal målast eller rehabiliterast. Fargen er vurdert i samanheng med bygningen og dei næraste omgjevnadene.

Fargeforslaget gjeld hovudfargen på fasaden. Det er ikkje laga eigne fargeforslag for vindauge, dører, lister, grunnmur eller andre detaljar. Desse bør likevel vurderast saman med fasadefargen.

Dersom den foreslåtte fargen ikkje fungerer godt på bygningen, kan du ta kontakt med kommunen for å drøfte andre alternativ.

 

 

 

 

 

 

 

Finn ikkje du huset ditt på kartet? 

Fargeveiledaren inneheld også ein utvida palett med 40 fargar. Denne er meint som eit utgangspunkt for bygningar som ikkje har fått eit konkret fargeforslag i fargeplanen.

Sykkylven sentrum før endringa
Sykkylven sentrum etter endringa

Dra markøren mot venstre eller høgre for å samanlikne før- og etterbilde.

 

Skal du måle eller pusse opp? 

Før du går i gang med fasaden, bør du undersøkje tilstanden på bygningen og kva type overflatebehandling som finst frå før. Ulike underlag og tidlegare behandlingar kan krevje ulike løysingar.

Fargeveiledaren anbefaler mineralsk silikatmåling til murfasadar og linoljemåling til treverk. Begge er diffusjonsopne målingstypar som er tilpassa dei aktuelle materiala.

Prøv alltid fargen på ei laus prøveplate før du bestemmer deg. Sjå på prøva i ulike lysforhold, og vurder henne saman med materialar og fargar på nabobygningane.

Ved behov kan du også rådføre deg med ein fagperson eller fargehandlar.

For eigedomar som ligg i område med eigne planføresegner, kan det gjelde særskilde krav ved endringar på bygningen. Er du usikker på kva som gjeld for din eigedom, bør du ta kontakt med Sykkylven kommune før arbeidet startar.

Prosjektet 

Prosjektet “Aure i fargar” har blitt til gjennom Sykkylven kommune sitt tettstadprosjekt, med tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Arkitekt, billedkunstnar og professor i farge, Mette L'orange har saman med Matilde Wedzicha-Heggheim, utvikla sjølve paletten. L'orange har gjennomført liknande prosjekt mellom anna i Kongsvinger, Voss, Molde, Oslo, Røros, Kristiansund og Åndalsnes. 

Ho er ein av dei i Norge som har arbeidd mest med fargar i arkitektur. Ho har skreve artiklar og essays om fargar, samt gitt ut boka “Farger i arkitekturen” (2008). L'orange har vore tilsett ved kunsthøgskulen i Oslo og i Universitetet i Bergen. 

Kontakt

Anne Marie Andreassen
Prosjektleiar tettstadsprosjekt

Sensitiv informasjon skal ikkje sendast pr. e-post.