Kommunestyret handsamar mange saker, til dømes kommuneplan, reguleringsplanar, økonomiplan, kommunebudsjett, kommunale vedtekter, samt andre saker og retningsliner av prinsipiell betydning.
Kommunestyret delegerer vidare ansvar til formannskapet og hovudutvala for sine fagområde.
Kommunestyret vert valt for heile valperioden på 4 år. I Sykkylven har kommunestyret 29 medlemmer.
Reglement for kommunestyret (PDF, 762 kB)
Møteplan for kommunestyret
Medlemmer og varamedlemmer i kommunestyret