BarnevernvaktInterkommunal barnevernvakt Sist endra 07.04.2022 14.54 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Sykkylven er ein del av interkommunal barnevernvakt for Sunnmøre. Barnevernvakta har akuttberedskap på dagtid, kveldstid, i helger og på heilagdagar. Hovudoppgåva til barnevernvakta er å hjelpe barn og familiar i akutte kriser som ikkje kan vente til neste dag. Telefonnummer til barnevernvakta: 91 57 60 20 Når bør eg ta kontakt? Ta kontakt dersom du sjølv blir utsett for, eller kjenner til at barn eller unge utsettast for: vald eller er vitne til vald. seksuelle overgrep. foreldre som rusar seg. omsorgssvikt. kjønnslemlesting. tvangsgifte. Kva skjer når eg tek kontakt? Når du tek kontakt vil følgande bli vurdert: om situasjonen kan avhjelpast ved råd og rettleiing. om situasjonen er alvorleg og det bør sendast melding til den kommunen barnet bur i. om situasjonen er akutt og hjelp må setjast i verk raskt. Vidare vil barnevernvakta vurdere om det er best å dra heim til familien det gjelder eller at oppfølging skjer hos barnevernvakta. (Kjelde: https://www.barnevernvakten.no/finnbarnevernvakt/sykkylven-kommune)