Informasjon om barnevernstenesta

Barneverntenesta er ein del av barne- og familietenestene, og har kontor i 2. etasje, besøksadresse Haugneset 20.

Dersom du har behov for hjelp på kveld eller i helg, har vi akuttberedskap på telefon 91 57 60 20.

Barnevernstenesta jobbar for å fremje ein trygg barndom og gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Alle kan ein eller annan gong i livet kome i ein vanskeleg livssituasjon, der det er behov for hjelp og støtte til å ivareta eigne barns omsorgsbehov. I slike tilfelle har barnevernstenesta eit ansvar for å hjelpe familien:

  • Barnevernstenesta skal gi barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime eller barnet av andre grunnar har behov for hjelp (som ved alvorleg utagerande åtferd)
  • Barnevernstenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får hjelp og omsorg til rett tid, og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår

Barn og ungdom under 18 år har krav på omsorg og rett til ein trygg oppvekst. Dette er i første rekke foreldra sitt ansvar. Når foreldre i kortare eller lengre periodar ikkje klarer å ivareta dette ansvaret, skal barnevernstenesta hjelpe.

(Kjelde: https://www.bufdir.no/Barnevern/Om_barnevernet/Om_barnevernet/)