Det er ikkje krav om noko spesiell utdanning for å vere støttekontakt, men det er krav om politiattest. Å vere støttekontakt krevjar at du har tid og overskot til å gjere ein forskjell. Det er først og fremst personlege eigenskapar som avgjer om ein person passar som støttekontakt eller ikkje.
Om du er ein person som:
- er påliteleg og stabil
- er trygg på deg sjølv
- har gode samarbeidsevner
- har respekt for andre menneske
- har overskot til å gi av deg sjølv
- har evne til setje grenser
då kan dette passe for deg. Om du er interessert i å søkje kan du fylle ut skjemaet under og levere dette på servicekontoret.
Søknadsskjema (PDF, 143 kB)
Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt/fritidskontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt/fritidskontakt og tenestemottakar.
Dersom barnevernet ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar/fritidskontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.