Det er kommunestyret som avgjer kor mange flykningar Sykkylven skal ta imot kvart år.
Busettinga skjer etter avtale med IMDi. Flyktningtjenesta har lang erfaring med å ta imot flyktningar. Dei finn ein trygg stad å bu og følgjer opp flyktningane dei første åra i Sykkylven. Flyktningtenesta har saman med Sykkylven opplæringssenter avsvaret for gjennomføringa av introduksjonsprogrammet.
Innhald og lengd på introduksjonspgrogram er avhengig av dei kvalifikasjonane den enkelte har med seg frå heimlandet. Introduksjonsprogrammet kan vare frå 3 mnd til 4 år. Målet for programmet er at kvar enkelt skal kome seg i arbeid eller starte på ei utdanning. I løpet av tida på introduksjonsprogrammet er målet at ein skal få god kjennskap til det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendig.
Flyktningtenesta er tett på kvar enkelt flyktning. Mange tenester er involverte i busettingsarbeidet og vi har eit tett tverrfagleg samarbeid mellom flyktningtjenesta, NAV, helsesektoren, skular, barnehagar og andre offentlege etatar. Private aktørar, næringslivet og organisasjonar er også viktige samarbeidspartar for integrering og nettverksbygging.
For at den enkelte skal lykkast er det viktig å føle seg heime i byda vår. Vi arbeider for å skape relasjonar til fleire fellesskap. Lokalsamfunnet og fritidsaktivitetar for heile familien er difor viktig.
Vi søker alltid etter fleire frivillege hender i vårt arbeid. Vi har tilbod som leksehjelp, språkvenn, sykkylvsguidar og språkkafe på Fønix som treng fleire frivillege. Ynskjer du å bidra i det frivillege aparatet ta gjerne kontakt.
Besøksadresse:
Haugneset 20, 2. et.
Postadresse:
Sykkylven kommune
Flyktningtenesta
Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN
Linkar for meir informasjon:
www.imdi.no
Integreringsloven
Introduksjonsloven