Kommunal fysioterapi for barn og unge 0 - 16 år

Kommunal fysioterapeut arbeider for at alle barn og unge i Sykkylven, uavhengig av forutsetningar, skal oppleve bevegelsesglede, mestring og god utvikling. 

Den kommunale fysioterapitenesta tilbyr tidleg innsats med helsefremmande og forebyggande tiltak retta mot barn og unge. 

Fysioterapeuten har pr i dag fast trefftid på Sykkylven ungdomsskule, Aure barneskule og helsestasjonen. Ved behov er fysioterapeuten til stades i dei andre kommunale og private barnehagar og skular. 

Den kommunale fysioteritenesta har, ut i frå behov, eit tett og tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommuna, samt med spesialisthelsetenesta. 

Kontaktinformasjon

Julianne L. Blindheim 
Fysioterapeut 
Barn og unge

E-post: julianne.blindheim@sykkylven.kommune.no 
Telefon: 90 25 62 30

Fysioterapeut med driftsavtale 

Fysioterapeut med driftsavtale behandlar barn og unge. Behandlinga er gratis opp til fylte 16 år. Ta direkte kontakt med fysioterapeut May Jorunn Rye.