Kommunal fysioterapi for barn og unge 0 - 16 årKommunal fysioterapeut arbeider for at alle barn og unge i Sykkylven, uavhengig av forutsetningar, skal oppleve bevegelsesglede, mestring og god utvikling. Publisert 21.08.2025 08.25 Sist endra 21.08.2025 08.25 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Den kommunale fysioterapitenesta tilbyr tidleg innsats med helsefremmande og forebyggande tiltak retta mot barn og unge. Fysioterapeuten har pr i dag fast trefftid på Sykkylven ungdomsskule, Aure barneskule og helsestasjonen. Ved behov er fysioterapeuten til stades i dei andre kommunale og private barnehagar og skular. Den kommunale fysioteritenesta har, ut i frå behov, eit tett og tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommuna, samt med spesialisthelsetenesta. Kontaktinformasjon Julianne L. Blindheim Fysioterapeut Barn og ungeE-post: julianne.blindheim@sykkylven.kommune.no Telefon: 90 25 62 30Fysioterapeut med driftsavtale Fysioterapeut med driftsavtale behandlar barn og unge. Behandlinga er gratis opp til fylte 16 år. Ta direkte kontakt med fysioterapeut May Jorunn Rye.