Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) jobbar for å inkludere alle barn, ungdom og vaksne i utdanningsløpet. Publisert 15.08.2024 10.41 Sist endra 15.08.2024 13.06 Kort fortaltPPT skal hjelpe barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at dei legg til rette for barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særlege behov.PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Dersom du som forelder eller føresett er bekymra, kan du ta kontakt med skulen eller barnehagen. PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særleg behov for tilrettelegging. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særlege behov. Kva gjer PPT? PPT sitt mandat er regulert i Opplæringslova § 11. 1-9 og Barnehagelova § 33.PPT undersøker om barn kan ha behov for ekstra hjelp, gjennom observasjon, kartlegging og testar. PPT gir råd og rettleiing til foreldre og føresette. PPT gir rettleiing til tilsette i barnehage, skule og andre samarbeidspartar. PPT hjelper vaksne som ønsker utgreiing. Sjå Utdanningsdirektoratet si side for meir informasjon om spesialpedagogikk og PPT Kven kan få hjelp? PPT hjelper barn, unge og vaksne med rett til opplæring som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet. Dette kan til dømes gjelde: språk- og talevanskar konsentrasjonsvanskarsosiale og emosjonelle vanskar åtferd som utfordrar syn- og høyrsels-vanskar generelle lærevanskar eller fagvanskarlese- og skrivevanskar matematikkvanskarikkje-språklege lærevanskarlite skulenærvær Slik søker du om hjelp i barnehagen Slik gjer du om du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov: Ta kontakt med barnehagen.Barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. Barnehagen drøftar saka med PPT.Barnehage drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinarBarnehagen tilviser til PPT. Om barnet fortsatt har vanskar, kan barnehagen og føresette tilvise barnet til PPT. PPT undersøkjer kva behov barnet har, og gir rettleiing og råd om kva barnet treng. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider PPT ei sakkunnig vurdering. Barnehagar finn oppdaterte skjema i Sikker sak barnehage eller på samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med barnehagen eller PPT for rettleiing. Kommunen fattar vedtak.Konkluderer den sakkunnige vurderinga med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, skal kommunen fatte vedtak om dette. Meir informasjon Spesialpedagogisk hjelp barnehage (Udir.no)Saksgang ved bekymring (Udir.no) Slik søker du om hjelp på skulen Slik gjer du dersom du er uroleg for om barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa: Ta kontakt med skulen Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak Skulen drøfter saka med PPT. Skulen drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar. Melding til PPT. Om eleven fortsatt har vanskar etter drøfting med og rettleiing frå PPT, kan skulen og foreldre melde behov for sakkunnig vurdering til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). PPT undersøker kva behov eleven har og utarbeider sakkunnig vurdering. Skulen finn oppdaterte skjema i Sikker sak skule eller på samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med skulen eller PPT ved behov for rettleiing. Rektor fattar vedtak.Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for individuelt tilrettelagt opplæring, skal rektor fatte vedtak om at eleven skal ha slik undervisning. Meir informasjonSaksgang ved bekymring (Udir.no)Rettleiar for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging (Udir.no)Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne § 19-5 (Udir.no) KontaktinformasjonTor Ove Myrseth Fagleiar PPTE-post: tor.ove.myrseth@sykkylven.kommune.no Telefon: 95 08 73 04Kontaktinformasjon til fleire tilsette ved PPT