Eigar skal og sørgje for at bustadar og fritidsbustadar er utstyrt med manuelt sløkkjeutstyr som kan brukast i alle rom. Eigar skal sørgje for at bustad og fritidsbustad er utstyrt med minst eit av følgjande sløkkeutstyr:
- Formfast brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm som er fast tilkopla vassforsyningsnettet.
- Pulverapparat på minst 6 kg med ABC - pulver
- Skum- eller vassapparat på minst 9 liter
- Skum- eller vassapparat på minst 6 liter med effektklasse på minst 21A
- Anna manuelt sløkkjeutstyr med tilsvarande sløkkjekapasitet
Eigar skal sørgje for at røykvarslar og manuelt sløkkjeutstyr i bustadar og fritidsbustadar vert kontrollert med funksjonsprøve eller ettersyn i samsvar med leverandørens rettleiingar, og at dei vert vedlikehaldne slik at dei fungerer som tiltenkt.