Tilfluktsrom

Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skader på befolkninga som følgje av krigshandlingar. Det finns offentlege og private tilfluktsrom.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Du kan lese meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine sider.

Offentlege tilfluktsrom

Offentlege tilfluktsrom er bygd for å kunne gje vern til allmenta, ved at dei som måtte opphalde seg i det aktuelle området, kan søkje vern der i ein beredskapssituasjon. Slike tilfluktsrom er primært bygd i byar og større tettstader.  Det er ikkje offentlege tilfluktsrom i Sykkylven kommune.

Oversikt over offentlege tilfluktsrom finn du på DSB sine sider.

Private tilfluktsrom

Private tilfluktsrom er bygd og dimensjonert for å kunne gje vern for dei som normalt oppheld seg i det aktuelle bygget, det kan vere kontor- og næringsbygg, butikkar og også skular. Desse er ikkje meint for at andre skal søkje dekning der.  Det er fleire private tilfluktsrom i Sykkylven kommune.