TilfluktsromTilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skader på befolkninga som følgje av krigshandlingar. Det finns offentlege og private tilfluktsrom. Publisert 20.03.2025 09.25 Sist endra 20.03.2025 09.25 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Du kan lese meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine sider.Offentlege tilfluktsromOffentlege tilfluktsrom er bygd for å kunne gje vern til allmenta, ved at dei som måtte opphalde seg i det aktuelle området, kan søkje vern der i ein beredskapssituasjon. Slike tilfluktsrom er primært bygd i byar og større tettstader. Det er ikkje offentlege tilfluktsrom i Sykkylven kommune.Oversikt over offentlege tilfluktsrom finn du på DSB sine sider.Private tilfluktsromPrivate tilfluktsrom er bygd og dimensjonert for å kunne gje vern for dei som normalt oppheld seg i det aktuelle bygget, det kan vere kontor- og næringsbygg, butikkar og også skular. Desse er ikkje meint for at andre skal søkje dekning der. Det er fleire private tilfluktsrom i Sykkylven kommune.