Følgekort (ledsagerbevis)

Personar med varig fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting kan få følgekort. Følgekortet gir deg rett til å ha med ein assistent/person gratis eller til redusert pris på kultur- og fritidsarrangement. 

Følgekort er personleg og inneheld namn, bilde og gyldigheitstid - vanlegvis mellom to og fem år. Du kan velge mellom eit fysisk følgekort eller eit digitalt når du søker. Velger du eit digitalt følgekort(ledsagerbevis) lastar du ned appen “Ledsagerbevis”

Kven kan få følgekort? 

Ordninga gjeld for deg som har: 

  • Varig fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting (minimum to år) 
  • Behov for ein eller fleire assistentar for å kunne delta i fritidsaktivitetar

Du må legge ved ein uttale frå fastlege eller spesialist som dokumenterer behovet. 

Følgekortet er gratis. Du betaler vanleg billettpris for deg sjølv, medan assistenten frå gratis eller redusert billett der ordninga gjeld. 

Slik søker du 

Du søker ved å fylle ut eit søknadsskjema. Søknadar blir behandla fortløpande, og det er ingen søknadsfrist. 

Saman med søknaden treng vi:

  • Eit bilde av deg i passfotostørrelse 
  • Ein uttale frå nokon i helsetenesten, til dømes legen din eller ein anna fagperson du er i kontakt med. 

Du kan søke sjølv, eller du kan søke på vegne av andre. 

Meir informasjon om følgekort