Bli frivillig

Har du litt tid til overs og ønsker å bidra med det du likar, og er god på, til lokalsamfunnet ditt? Vi treng frivillige til å delta i ulike aktivitetar og bidra til eit positivt og inkluderande fellesskap. 

Korleis bli frivillig?

Har du lyst å vere med i fellesskapet kan du melde di interesse i skjema nedanfor. Du kan også ta direkte kontakt med frivilligkoordinator Tove Sperre på e-post: tove.sperre@sykkylven.kommune.no.

Dette kan du gjere som frivillig

Frivillig arbeid kjem i mange former, og det finst noko for dei fleste. Her er ei oversikt over ulike frivillige oppgåver du kan vere med på i Sykkylven kommune. 

Vert på Frivilligsentralen 

Frivilligsentralen er knytepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune. Dette er ein fin aktivitet for deg som:

  • er hyggeleg og imøtekomande 
  • er kreativ og har idear til ulike aktivitetar 
  • er god på teamwork/samarbeid 

Utstyrssentralen

Utstyrssentralen er eit tiltak der ein gratis kan låne utstyr knytt til ulike aktivitetar. Oppgåver på utstyrssentralen består av blant anna: 

  • levere ut utstyr 
  • ta i mot utstyr 
  • reingjere og reparere utstyr som kjem inn 
  • levere utstyr til forhandlar ved større reperasjonar

Sterk og stødig 

Sterk og stødig er helsefremmande og forebyggande gruppetrening for seinorar i alderen 65+. Sterk og stødig er eit populært tilbod, og vi har stadig behov for fleire instruktørar. 

Språkkafè

Språkkafè er eit tiltak i samarbeid med Redd Barna Sykkylven. Vi har behov for språkvertar. 

Open storhall 

Open storhall er ein sosial arena for ungdom frå 13 år og oppover. Open storhall er ope kvar fredag frå september og ut april. Vi trenger frivillige til å ta i mot elevane og drifte kioskdelen. 

Oskarbilen 

Sjaførar av “Oskarbilen” bidreg ved å køyre og hente personar til og frå dagsenteret. Her har du moglegheit til å møte masse kjekke folk, og bidra til at dei kjem seg trygt fram. 

Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) 

Ved BUAS har vi behov for blant anna aktivitetsvenn, turvenn og besøksvenn. 

Flyktningtenesta 

Vi treng frivillige til leksehjelp for flyktningborn, språkvennar eller brubyggar (bonusfamilie, reservebesteforeldre, “Sykkylvsrådgivar”) 

StikkUT!

Stikk UT! er Norges største turtrimprogram, organisert av ulike friluftsråd, blant anna Sunnmøre Friluftsråd. I Sykkylven kan du hjelpe med stirydding, merking og finne nye aktuelle turar. Perfekt for deg som er glad i å gå på tur. 

“Besteforeldre” 

“Besteforeldre” er for deg som har tid og moglegheit til å stille opp når ein eineforsørgar til dømes skal på jobb og treng hjelp til pass av barn. 

Finn oppdrag på frivillig.no 

På frivillig.no kan du finne oppdrag i heile Sykkylven: