Sykkylven Frivilligsentral

Sykkylven Frivilligsentral er ein open og inkluderande møteplass for alle - uansett alder, bakgrunn eller behov. Her kan du kome innom for ein kopp kaffi, ein prat eller delta i sosiale aktivitetar. Du kan bidra som frivillig om du vil, men det er ingen krav. 

Kva er Frivilligsentralen? 

Frivilligsentralen er eit knutepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune. Vi jobbar for å gjere heile kommunen til ein endå betre stad å bu, ved å synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane som finst i nærmiljøet. 

Frivilligsentralen er eit bindelegg mellom dei som ønsker å bidra med tid og engasjement, og dei som treng ei hjelpande hand eller sosial kontakt. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil bidra - alt frå ein time i ny og ne til meir faste oppgåver. 

Kvar held vi til? 

Frivilligsentralen held per dags dato til i Fønixhuset (adresse Kyrkjevegen 59). Om ikkje lenge flyttar vi til nye oppussa lokaler i 2. etg. i “Bibliotekbygget”.

Kva skjer på Frivilligsentralen? 

Vi tilbyr ein uformell og triveleg møteplass med kaffi, te og enkel mat, som til dømes vaflar, svele, toast eller rundstykke. Menyen varierer litt frå dag til dag. 

På Frivilligsentralen kan du slå av ein prat, møte nye folk og delta i sosiale aktivitetar som quiz eller andre arrangement når høvet byr seg. Du treng ikkje å melde deg på - berre kom innom!

Opningstider

Vi har ope mandag til torsdag kl. 10.00 - 16.00.

Har du lyst å bidra? 

Har du lyst å hjelpe andre, bruke litt av tida di på noko meiningsfullt, eller kanskje sette ein idè ut i livet? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 

Du kan enkelt melde di interesse ved å fylle ut skjemaet: 

Har du spørsmål, eller vil slå av ein prat om moglegheitene? Då kan du ta kontakt med frivilligkoordinator Tove Sperre på e-post: tove.sperre@sykkylven.kommune.no, eller telefon: 90 73 33 79.

Du kan lese meir om det å vere frivillig på frivillig.no