Utstyrssentralen - gratis utlån av aktivitetsutstyr

På utstyrssentralen kan du låne utstyr til både kjente og nye aktivitetar - heilt gratis. Målet er å gjere det enklare for fleire, spesielt barn og unge, å vere fysisk aktive, sosiale og oppleve mestring, utan å auke forbruket. 

Ny adresse

Utstyrssentralen har flytta og held no til i kjellaren på Sykkylven bibliotek, adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven. 

Opningstider 

Utstyrssentralen har same opningstider som biblioteket: 

  • Mandag, onsdag og fredag: kl. 10.00 - 16.00 
  • Tirsdag og torsdag: kl. 12.00 - 19.00 
  • Laurdag, søndag og heilagdagar: Stengt

Kven kan låne utstyr

For å låne utstyr må du: 

  • Vere over 18 år
  • Ha bustadadresse i Sykkylven kommune 
  • Ha norsk mobilnummer 
  • Vere registrert som lånetakar ved Sykkylven bibliotek

Før du kan låne utstyr må du fylle ut eit registreringsskjema som du får ved biblioteket. 

Dersom du er under 18 år og vil låne utstyr, må ein ansvarleg lånetakar over 18 år fylle ut og signere eit fullmaktsskjema. Dette får du også ved biblioteket. 

Lånevilkår 

  • Du kan låne utstyr i inntil 7 dagar 
  • Lån er gratis 
  • Utlån og innlevering skjer ved personleg oppmøte 
  • Du må signere standard lånevilkår ved biblioteket

Utstyr du kan låne til sommaraktivitet 

Informasjon på ulike språk 

Kontakt

Tove Sperre
Frivilligkoordinator
E-post
Mobil 90 73 33 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post