Aktivitetsvenn

Personar som har fått demens vil oppleve at enkelte aktivitetar kan bli vanskelegare å gjere aleine. Ein aktivitetsvenn gjer det enklare å kome seg ut og oppleve ting du sett pris på. 

Kva er ein Aktivitetsvenn? 

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som gjer aktivitetar saman med ein person som har demens. 

Gjennom tilbodet Aktivitetsvenn får personar med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Eksempel på aktivitetar er gåturar, spele spel, gå på kino, fiske, male, eller berre møtast for ein kopp kaffe og ein prat. Målet er at tida skal vere til glede for begge. Kor ofte ein møtast er individuelt. 

Slik kan du få ein aktivitetsvenn 

Ta kontakt med demensteamet dersom du ønsker å få ein aktivitetsvenn. Vi prøver å finne ein frivillig som har samme interesse som deg. Tilbodet er avhengig av kor mange tilgjengelege vi har, og det kan variere. 

Kontaktinformasjon demensteamet

Har du lyst til å bli aktivitetsvenn?