Dagtilbod for personar med demensDagaktivitetstilbodet ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter er eit tilbod for personar med demens som bur heime. Tilbodet skal bidra til ein meiningsfull kvardag, sosial deltaking og avlasting for pårørande. Brukarane blir henta med drosje om morgonen og køyrt heim att kl. 15.30. Publisert 01.07.2025 10.57 Sist endra 01.07.2025 10.57 Kvardagen på dagsenteretDagen på dagsenteret er prega av ro, trivsel og aktivitetar som er tilpassa den enkelte. Vi legg vekt på å skape gode opplevingar og fellesskap. Aktivitetane varierer, men kan til dømes vere turar i nærmiljøet, lett trim, baking, hagestell, song, spel og kreative hobbyar. Det viktigaste er at aktivitetane gir meistring og glede. Måltida er ein viktig del av dagen. Brukarane får servert lunsj kl. 11.30 og middag kl. 14.30. Det er lagt vekt på god ernæring og hygge rundt bordet.Kven kan få tilbod? Tilbodet er for personar med demens som bur heime og har behov for struktur, aktivitet og sosialt fellesskap i kvardagen. Det kan også vere eit viktig avlastingstilbod for pårørande.Slik søker du Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand. Digitalt søknad om helse- og omsorgstenesterSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester for deg som vil fylle ut på papir (PDF, 696 kB)Pårørande kan søke på vegne av sine. Søknadar blir behandla fortløpande.