Kontakt fastlegen
Ofte er det pårørande som merker dei første symptoma. Snakk saman om det og kontakt fastlegen for utgreiing viss de mistenker demens. Det er også viktig å kontakte fastlege for å utelukke andre tilstandar som kan gi demensliknande symptom, men kan behandlast.
Sjøl om det enno ikkje er mogleg å kurere demens, er tidleg utgreiing viktig for å få den tilrettelagte hjelpa og oppfølginga du har behov for.
Demensteamet
Demensteamet tilbyr kartleggingsbesøk når ei diagnose er satt, for å vurdere behov for aktuelle tenester, tiltak og informasjon. Demensteamet består av geriatriske sjukepleiarar med kompetanse på demens. Dei samarbeidar tett med fastlegen og andre tenester i kommunen.
Tenesta er gratis og du tek kontakt enten ved å ringe eller sende e-post.
Tidlege teikn på demens
Typiske symptom kan vere:
- Gløymer nylege hendingar
- Gjentek seg sjølv og leitar etter ord
- Er forvirra om tid og stad
- Har vanskar med å kjenne igjen folk
- Gløymer innlærde ferdigheiter
- Endra personlegdom eller svekka dømmekraft
- Har problem med å klare seg i kvardagen
- Mistar initiativ og interesse
- Opplever humørsvingingar