Demens

Å vere pårørande til ein person med demens kan vere både krevande og sårbart. Som pårørande kan du kontakte ein demenskoordinator som kan gi informasjon og svare på spørsmål om demens og utvikling av sjukdommen. 

Kontakt demenskoordinator 

Demenskoordinator/demensteamet er eit tilbod til personar med mistanke om demens og til deira pårørande. Demensteamet samarbeidar tett med fastlege og andre tenester i kommunen. 

Ingebjørg Myrseth 
E-post: ingebjorg.myrseth@sykkylven.kommune.no
Telefon: 91 61 43 46

Sissel Roald 
E-post: sissel.roald@sykkylven.kommune.no 
Telefon: 91 61 43 46

Pårørandeskule 

Sykkylven kommune, i lag med andre, arrangerer pårørandeskule for personar med demens ein gong i året.

Pårørandeskulen er eit undervisnings- og rettleiingstilbod. Gjennom fem kveldar med foredrag får du som deltakar meir kunnskap om sjukdommen, tenestetilbod og samhandling. Målet er å bidrat il ein lettare heimesituasjon, samtidig som det gir moglegheit til å treffe andre pårørande i samme livssituasjon. 

Pårørandeskulen er gratis og det einaste du treng å gjere er å melde deg på. Det blir lagt ut informasjon når datoar er bestemt. 

Meir informasjon