Kva tilbyr ergoterapitenesten?
Ergoterapeuten ser på kva som er viktig for deg i kvardagen, og finn løysingar som gjer det mogleg å delta.
Det kan handle om å:
- Trene på daglege aktivitetar
- Tilpasse bustaden din
- Finne og tilpasse hjelpemiddel
- Gi råd om energisparing og ergonomi
Kven kan få hjelp?
Alle som har utfordringar i dagleglivet kan få hjelp av ein ergoterapeut, uavhengig av alder og om du bur heime eller på institusjon.
Tilbodet er gratis.
Slik får du kontakt
Du kan sjølv ta kontakt med ergoterapeut og be om ein avtale. Det blir då avtalt eit møte for å kartlegge utfordringane dine og vurdere aktuelle tiltak.
Pårørande eller andre tenester kan også ta kontakt på dine vegne, dersom du har gitt løyve til dette.
I periodar med stor pågang kan det vere noko ventetid. Dersom du ikkje kjem gjennom på telefon, kan du sende e-post til ergoterapeuten. Kontaktinformasjon finn du i høgremargen.