Kva er avlastning?
Avlastning er ei gratis teneste for pårørande som har eit omfattande og langvarig omsorgsansvar for ein person som er sjuk, har nedsett funksjonsevne eller er pleietrengande. Målet er å hindre overbelastning og gi deg som omsorgsperson tid til kvile, ferie og deltaking i vanlege samfunnsaktiviteter.
Avlastninga kan skje både i og utanfor heimen, avhengig av behov.
Kven kan få avlastning?
Du kan få tilbod om avlastning dersom:
- du gir omsorg som kommunen elles ville hatt ansvar for
- omsorgsarbeidet er særleg tyngande, omfattande og langvarig
- omsorgsarbeidet fører til fysisk eller psykisk belastning, sosial isolasjon, tap av inntekt eller mangel på fritid
Ved omsorg for barn blir det vurdert om omsorgsoppgåvene går klart utover det som er vanleg for barn på same alder. Det skal også takast omsyn til ungdom sin rett til privatliv.
Det er ein føresetnad at både den som treng hjelp og omsorgspersonen ønsker at omsorgsarbeidet skal halde fram, med unntak for barnefamiliar, der foreldre har lovpålagt omsorgsplikt.
Slik søker du
Tenestekontoret behandlar alle søknadar om helse- og omsorgstenester. Vi er eit felles søknadsskjema for alle tenestene.
Vi anbefalar at du søker digitalt:
Dersom du ikkje kan søke digitalt, kan du laste ned og sende inn papirskjema:
Tenesta er gratis
Kva skjer etter at du har søkt?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage på vedtak
Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket.
Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak.
Regelverk