Kven kan få BPA?
BPA er særleg godt eigna for yngre personar med funksjonsnedsetting som:
- har varige og samansatte funksjonsnedsettingar
- har behov for omfattande og varig personleg assistanse
- du eller dine pårørande har evne og vilje til å ta ansvar for opplæring av dine personlege assistentar
- er under 67 år
Ved vurdering av BPA ser vi på kor mykje hjelp du normalt ville fått gjennom andre kommunale tenester. Dersom du har behov for mange korte og hyppige besøk, kan andre løysingar vere meir eigna.
Kva får du med BPA?
- Du får hjelp til daglege gjeremål, eigenomsorg og deltaking i samfunnsliv
- Du bestemmer sjølv kven som skal vere assistent, og korleis hjelpa skal organiserast
- Du får større fridom og fleksibilitet i kvardagen
Slik søker du
Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand.
Kva skjer etter at du har søkt?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket.
Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak.
Kva kostar det?
Det kan krevast egenbetaling for BPA, i tråd med nasjonale forskrifter for helse- og omsorgstenester.
Oppdrag som personleg hygiene, påkledning, mat, er gratis. Viss BPA yter heimehjelp eller hushaldningsfunksjonar, blir det betalt som heimehjelp.
Sjå kommunen sine betalingssatsar