Heimehjelp (praktisk bistand i heimen) Har du behov for hjelp til praktiske oppgåver i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting, alder eller andre årsaker? Då kan du søke om praktisk bistand og heimehjelp frå kommunen. Publisert 17.06.2025 10.54 Sist endra 18.06.2025 11.06 Kva kan du få hjelp til? Tenesta skal bidra til at du kan bu trygt og sjølvstendig i eigen heim, og ha ei aktiv og meiningsfull tilvære. Vi tilbyr: Praktisk bistand - hjelp til daglege gjeremål som reingjering, klesvask og matlaging Opplæring - støtte til å mestre kvardagsoppgåver og vedlikehalde ferdigheiter Personleg assistanse - hjelp til eigenomsorg og personleg stellSlik søker du Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand. Digitalt søknad om helse- og omsorgstenesterSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester for deg som vil fylle ut på papir (PDF, 696 kB)Kva skjer etter at du har søkt? Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.Klage Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket. Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak. Kva kostar det? Det kan krevast betaling for praktisk bistand, som til dømes:reingjeringklesvaskmatlaging hjelp til innkjøp Heimesjukepleie og hjelp til personleg stell og eigenomsorg er gratis. Betalinga blir rekna ut frå husstanden si samla skattbare nettoinntekt, tal på timar du får hjelp, og eventuell hjelpestønad. Sjå gjeldande betalingssatsar for praktisk bistand og heimehjelp.Regelverk Pasient- og brukarrettighetsloven Lov om kommunale helse- og omsorgstenester