HeimesjukepleieHeimesjukepleier, også kalt heimetenesten, gir nødvendig helsehjelp dersom du på grunn av sjukdom, skade, funksjonssvikt eller høg alder har behov for det. Dei bistår med rettleiing, opplæring og opptrening, slik at du kan mestre oppgåver på eigenhand. Publisert 17.06.2025 10.54 Sist endra 18.06.2025 10.59 Dette kan du få hjelp til Du kan for eksempel få hjelp til: sårbehandling personleg stell hjelp til handtering av legemiddel bistand til måltider Kven kan søke? Du som bur eller opphalder deg i Sykkylven kommune og som har behov for nødvendig helsetenester kan søke. Du må ikkje ha ei diagnose eller henvisning frå lege for å ha rett til tenesten. Slik søker du Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand. Digitalt søknad om helse- og omsorgstenesterSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester for deg som vil fylle ut på papir (PDF, 696 kB)Kva skjer etter du har søkt?Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.KlageDu kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket. Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak. Regelverk Pasient- og brukarrettighetsloven Lov om kommunale helse- og omsorgstenester