Innsatsteamet – hjelp til å meistre kvardagen

Innsatsteamet i Sykkylven kommune gir deg støtte og trening slik at du kan bli meir sjølvhjulpen, bu heime lengre og kunne delta i sosiale samanhengar. Tilbodet er gratis og tilpassa dine behov og mål. 

Kva er innsatsteamet? 

Innsatsteamet er eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut og ergoterapeut. Vi samarbeider med heimetenestene der det er aktuelt. Tilbodet er ein del av kommunen si satsing på ein aktiv og trygg alderdom. 

Vi har fokus på: 

  • Førebygging og tidleg innsats 
  • Trening i daglege aktivitetar 
  • Å styrke din eigen mestring i kvardagen 

Målgruppa for innsatsteamet

Tilbodet passar for deg som: 

  • Bur heime og har fått redusert funksjon i kvardagen 
  • Har utfordringar med forflytning, personleg stell, matlaging eller liknande
  • Skal heim frå sjukehus eller korttidsopphald og treng støtte i overgangen 
  • Er motivert for å klare deg sjølv og kan formulere eigne mål 
  • Forstår rettleiing og er villig til å gjere ein innsats 

Slik jobbar vi 

  1. Kartlegging: Vi startar med å finne ut kva som er viktig for deg å mestre no. Saman lagar vi mål for kva du ønsker å oppnå 
  2. Trening i kvardagsaktivitetar: Vi trenar på det du treng i din heim og nærområde, til dømes gå i trappa, hente posten, lage mat eller handle. På denne måten kan vi sjå kva utfordringar du har i kvardagen, og vi kan trene på dei aktivitetane du faktisk treng å mestre. 
  3. Tidsavgrensa oppfølging: Du får tett oppfølging i ein avgrensa periode. Ved avslutning oppsummerer vi framgangen og lagar ein plan for vegen vidare. 

Slik får du tilbodet

Du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt med innsatsteamet for vurdering. Vi vurderer om dette er eit aktuelt tilbod for deg. 

Kontaktinformasjon innsatsteamet

Anita Westerås - Fysioterapeut 
E-post: anita.westeras@sykkylven.kommune.no
Telefon: 91 89 87 43

Esther Kulleseid - Ergoterapeut
E-post: esther.kulleseid@sykkylven.kommune.no
Telefon: 91 00 47 30