Omsorgsstønad

Privatpersonar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen kan få omsorgsstønad (omsorgslønn). Målet er at familien kan fortsette å ha omsorgen for sine nærmaste. 

Kven kan søke om omsorgsstønad? 

Du kan få omsorgsstønad dersom: 

  • Du gir særleg tyngande omsorg til ein person i heimen 
  • Omsorgsarbeidet er nødvendig og ville elles blitt utført av kommunen 
  • Det er vurdert at omsorgsstønad er det beste alternativet 
  • Du har søkt om hjelpestønad frå NAV

Stønaden skal støtte opp om privat omsorg og bidra til at familien kan halde fram med å ta vare på sine næraste. 

Du har ikkje krav på omsorgsstønad, men kommunen har plikt til å vurdere søknaden etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6. 

Kva dekker omsorgsstønaden? 

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar måned som gir ei økonomisk godtgjering for delar av tida du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen. Stønaden skal vurderast i samanheng med eventuell hjelpestønad frå NAV. 

Omsorgsstønad dekker ikkje tapt arbeidsinntekt ved redusert stilling. 

Slik søker du 

Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand. 

Kva skjer etter at du har søkt? 

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage 

Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket. 

Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak. 

Regelverk