Kva er ein støttekontakt?
Ein støttekontakt er ein person som hjelper deg med å delta i sosiale aktivitetar eller få ei meir meiningsfull fritid. Målet er å bidra til betre livskvalitet og sosial deltaking.
Støttekontakta er tilsett av kommunen og får rettleiing frå fagpersonar, men har vanlegvis ikkje formell helsefagleg utdanning.
Kva slags tilbod finst?
Støttekontakt-tenesta er organisert på to måtar:
- Individuell støttekontakt - ein-til-ein-oppfølging
- Deltaking i aktivitetsgruppe - sosialt fellesskap med fleire
Kven kan få støttekontakt?
Du kan få støttekontakt dersom:
- du har fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting
- du ikkje klarer å oppretthalde ei aktiv og meiningsfull fritid på eiga hand
- du har behov for sosialt fellesskap
Tilbodet gjeld som hovudregel for heimebuande personar, og vanlegvis ikkje for små barn.
Slik søker du
Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand.
Tenesta er gratis. Du må sjølv betale for eigne utgifter til aktivitetar og eventuell transport som ikkje er avtalt.
Kva skjer etter at du har søkt?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage på vedtak
Du kan klage dersom du er uenig i vedtaket. Klagefristen og informasjon om korleis du går fram, blir sendt saman med vedtaket.
Dersom du får medhald i klagen, vil kommunen gjere eit nytt vedtak.