Tryggleiksalarm

Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet. 

Kva er ein tryggleiksalarm? 

Tryggleiksalarm er ein digital alarm som ikkje er avhengig av at du har telefon.  Tryggleiksalarmen er tilknytta ein vaktsentral, som formidlar kontakt til heimesjukepleia eller annan avtalt kontaktperson. Alarmen fungerer kun inne i heimen din. 

Kven kan søke

Eldre, personar med funksjonsnedsetting og andre som kan kjenne seg utrygg ved å bu aleine kan søke om tryggleiksalarm. 

Tryggleiksalarmen blir tildelt ut frå ei fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Ein må fylle eitt eller fleire av følgande kriterium: 

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem 
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker 
  • bur aleine/har lite nettverk 

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagd teneste. 

Slik søker du

Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand. 

Etter du har søkt 

Søknadar blir behandla fortløpande. Du skal få svar innan 3 veker, enten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar.

Vedtaket kan klagast på. Klagefristen er tre veker.