Individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP). Planen skal sikre at du får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Du har også rett til ein koordinator som følg deg opp og sørger for at tenestene fungerer godt saman.

Kva gjer koordinerande eining? 

Koordinerande eining i Sykkylven kommune har det overordna ansvaret for individuell plan og koordinator. 

Eininga skal: 

  • Ta imot meldingar om behov for individuell plan og koordinator
  • Oppnemne koordinator 
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar 
  • Ha oversikt over kven som har individuell plan og koordinator 
  • Utarbeide rutinar og prosedyrar for arbeidet
  • Vere kontaktpunkt for spørsmål om koordinering av tenester

Kven kan få individuell plan og koordinator? 

Du kan få individuell plan og koordinator dersom du har behov for:

  • Langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester
  • Oppfølging frå fleire tenester over tid 

Du har rett til å delta i arbeidet med planen, og det skal leggast til rette for at du kan medverke. Pårørande kan også bli involvert dersom du ønsker det. Dersom du ikkje har samtykkekompetanse, har nærmaste pårørande rett til å medverke. 

Ein individuell plan gir ikkje rett til fleire tenester enn det du allereie har krav på etter lovverket, men skal sikre betre samordning og oppfølging. 

Slik søker du

Du kan be om individuell plan og/eller koordinator ved å sende inn skjema: 

Lover og regelverk