Kontaktinformasjon
Ring legevakta først - tlf. 116117
Legevakta anbefalar at du alltid ringer først, slik at dei kan vurdere kva som er den rette og beste hjelpa i kvar enkelt situasjon.
Når du ringer 116 117, treff du ein sjukepleiar frå legevakta som gir medisinske råd over telefon og vurderer ditt behov for hjelp.
- Er tilstanden alvorleg, blir du bedt om å komme på legevakta, eller du får lege eller ambulanse heim
- Om hjelpa kan vente litt, får du eit oppmøtetidspunkt på legevakta.
Opningstid Sykkylven og Stranda legevakt
Legevakta er døgnopen heile året.
I vanleg kontortid i kvardagane skal du benytte fastlegen din som tilbyr øyeblikkelig hjelp-timar. Har du ikkje fastlege i distriktet, kan du kontakte legevakta direkte for øyeblikkelig hjelp.
Ved akutt fare for liv og helse, ring 113.
Dette skal ikkje til legevakta
Legevakta er ikkje for planlagde eller ikkje-akutte behov. Døme på dette er:
- Lege- og helseattestar
- Sjukmelding utan behandlingsbehov
- Fornying av reseptar (utanom livsviktige medisinar)
- Reseptar på A- og B-preparat
- Kontroll av kroniske sjukdommar
- Innlegging av prevensjonsmiddel (t.d. spiral)
- Planlagde injeksjonar
- Rustesting (berre etter oppdrag frå politiet)
Praktisk informasjon
Legevakt på dagtid
- Møt opp i god tid før avtalt time
- Om du har fått beskjed om å ta med urinprøve leverer du denne i resepsjonen så snart som råd
- Meld frå i resepsjonen dersom du skal ta blodprøve eller anna undersøking før legetimen
Legevaktslegen må prioritere øyeblikkeleg hjelp og kan bli kalla ut ved akutt nødsituasjon. Ventetid kan derfor oppstå.
Betaling
Eigendelen skal betalast på betalingsautomat på venterommet. Dersom du ikkje betalar der, blir det automatisk sendt ut faktura med gebyr.
Husk å vise frikort, då legevakta har eige journalsystem. Du må betale for tenester som ikkje blir dekt av frikort, som til dømes utstyr og attestar.
Har du spørsmål om faktura? Kontakt legevakta på dagtid kl. 08.00 - 15.00.
Transport
Dersom legen vurderer at det er medisinsk grunn til å bruke drosje, kan du få dekt pasientreisa.
Ring legevakta for å avtale drosjerekvisisjon.
Les meir om pasientreiser på helsenorge.no.
Parkering
Det er parkeringsplassar for besøkande ved hovudinngangen til legevakta.
Reseptar
Legevakta skriv berre ut medisinar som gjeld akutt behandling. Vanedannande medisinar (gruppe B) blir berre gitt ved behov og i minstepakningar. Faste medisinar må du få resept på frå fastlegen.
Dersom apoteket er stengt, får du med startdose frå legevakta.
Apotek
Vaktapotek:
Nyttige lenker:
Giftinformasjon - Helsenorge.no
Kjernejournal - Helsenorge.no