Korttidsutlån av hjelpemiddel

Dersom du har behov for å låne hjelpemiddel i ein kort periode etter skade eller inngrep, kan du låne frå kommunalt korttidslager i inntil 3 månader. 

Kva kan du låne

Kommunalt lager har blant anna: 

  • Toalettforhøgar 
  • Toalettstol 
  • Dusjkrakk
  • Rullator
  • Manuell rullestol 

Krykker

Krykker må du kjøpe sjølv, enten på servicetorget på rådhuset, eller på eit apotek. Ispiggar til krykker får du kjøpt på apotek. 

Servicetorget har ope mandag og torsdag kl. 09.00 - 12.00.  Kontakt tlf. 70 24 65 00 eller e-post: servicetorget@sykkylven.kommune.no. Opningstider kan endre seg så vi anbefalar at du tek kontakt først.  

Sal av krykker
Sal av utstyr -Servicetorget2026
Krykkerkr 170 pr. krykke

Slik låner du utstyr

For å låne utstyr frå kommunalt hjelpemiddellager må du ha ein avtale på førehand. 

Ta kontakt på e-post på e-post: hjelpemiddel@sykkylven.kommune.no.

Hente hjelpemiddel

Som hovedregel må du hente utstyret sjølv. 

Adresse: Haugneset 16, inngang tenestekontoret. 

Levere tilbake hjelpemiddel

Hjelpemiddel leverer du tilbake på samme plass. 

Utstyret skal vere reingjort før levering.