Velferdsteknologi / helseteknologi

Velferdsteknologi kan bidra til auka tryggleik, mestring og sjølvstende i kvardagen. Teknologien kan støtte deg i å bu lengre heime, delta sosialt og vere meir aktiv - sjølv om du har sjukdom eller nedsett funksjonsevne. 

Kva er velferdsteknologi? 

Velferdsteknologi er tekniske løysingar som kan gjere kvardagen tryggare og enklare. Teknologien blir tilpassa dine behov og skal støtte deg i å klare deg sjølv. 

Døme på velferdsteknologi: 

  • Digital tryggleiksalarm 
  • Dørsensor og bevegelsessensor 
  • Lokaliseringsteknologi og fallsensorar 
  • Komfyrvakt og brannvarsling 
  • Elektronisk dørlås 
  • Medisineringsstøtte 
  • Videokommunikasjon og kommunikasjonshjelpemiddel 

Du kjenner kvardagen din best, derfor er det viktig at du er med i vurderinga av kva som fungerer for deg. Målet er at du skal kunne mestre eigen livssituasjon og vere mest mogleg sjølvhjelpen. 

Kven kan få tilbod?

Tilbodet gjeld for deg som: 

  • Bur eller oppheld deg i Sykkylven kommune 
  • Har helsesvikt og behov for velferdsteknologi eller tryggleiksalarm i heimen

Behovet blir vurdert etter søknad, og det blir fatta vedtak på hjelpa. 

Slik søker du

Du kan søke ved å kontakte:

Har du allereie kontakt med ei helse- og omsorgsteneste i kommunen, kan du også ta kontakt med den tenesta. 

Kva koster det?

Velferdsteknologi er gratis dersom den erstattar anna helsehjelp. 

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.