Tenester i bustad med heildøgns omsorg

Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) har 42 leiligheiter for eldre som har behov for omsorg og tryggleik heile døgnet. Tilbodet gir bebuarane høve til å bu i eigen leiligheit, samtidig som dei får tilgang til helsepersonell og fellesskap i bufellesskap. 

Tilbodet ved BUAS

Bustadane er fordelt på to soner: 

  • Sone 1 har 24 leiligheiter fordelt på tre bufellesskap 
  • Sone 2 har 18 leiligheiter fordelt på to bufellesskap

I tillegg er det ei avdeling med 10 institusjonsrom for langtidsopphald. 

Det er fast personell i turnus heile døgnet. Alle bufellesskap har fellesstove med TV og høve til å ete måltid saman. Bebuarane nyttar sin eigen fastlege. 

Mat og måltid 

Sykkylven bu- og aktivitetssenter har eige produksjonskjøkken som lagar all varmmat. Bebuarane kan velje om dei vil lage mat sjølve i leiligheta, eller kjøpe måltid frå kjøkkenet. 

Måltida som blir servert er: 

  • Frukost: kl. 09:00 - 10:30.
  • Lunsj: kl. 12:00.
  • Middag med dessert: kl. 15:00.
  • Kveldsmat: kl 19:00.
  • Nattmat: ved behov.

Kven kan få bustad med heildøgns omsorg? 

Tilbodet er for eldre som har behov for omsorg og tilsyn heile døgnet. Det kan vere på grunn av fysisk funksjonssvikt, kognitiv svikt eller andre helseutfordringar. 

Kriterium for tildeling 

Ved vurdering av behov blir det lagt vekt på: 

  • Kor omfattande og varig hjelpebehovet er
  • Om personen kan tilkalle hjelp ved behov 
  • Om tilrettelegging og hjelpemiddel i eigen heim er tilstrekkeleg 
  • Om andre alternativ er prøvd og vurdert som ikkje forsvarlege 
  • Om personen har samtykkekompetanse og ikkje er til fare for seg sjølv 

Kommunen nyttar LEON-prinsippet (lavaste effektive omsorgsnivå) og omsorgstrappa for å sikre at kvar person frå rett tenestenivå. 

Slik søker du

Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune. Du kan velje om du vil fylle ut elektronisk skjema (anbefalt) eller skrive ut pdf-skjemaet og fylle ut for hand.  Pårørande kan søke på vegne av brukar.

Søknadar blir behandla fortløpande. Du skal få svar innan 3 veker. Svaret vil inneholde enten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar. 

Klage

Dersom du ikkje får innvilga søknaden, kan du klage. Klagefristen er 4 veker, og informasjon om klageprosessen følger med vedtaket. 

Opningstider for besøk

Det er ope for besøk når ein ønsker det.  Hovuddøra blir automatisk låst kl. 22.00.