Vaksiner

Reisevaksine

Sykkylven kommune tilbyr ikkje reisevaksiner, då må du kontakte apotek eller Medi3. 

Influensavaksine

Kvar haust, i perioden oktober - november, blir det sett opp dagar til influensavaksine. Informasjon om dato og lokasjon m.m. for influensavaksine blir kunngjort på kommunen si heimeside i godt tid. 

Vaksiner til barn 

Har du spørsmål om vaksiner til barn, kan du ta kontakt med helsesjukepleiar ved helsestasjonen. 

Koronavaksine

For bestilling av koronavaksine, ta kontakt med Sykkylven legesenter på tlf: 70 25 50 50 eller bestill time via helsenorge.no.

Kikhostevaksine til gravide 

Kikhostevaksine tilbys ved svangerskapskontroll hos fastlege eller jordmor. Alle gravide får tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. Vaksinen beskytter barnet mot kikhoste frå fødselen og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månadersalder. 

TBE-vaksine (flått) 

TBE-vaksine brukast for å forebygge hjernebetennelse (encefalitt) frå skogflått. Barn og unge som ofte, dvs. meir enn ett par blåttbitt kvart år, får flåttbitt i områder der sjukdommen skogflåttencefalitt fins, er anbefalt å ta vaksinen. 

Vaksinen er ikkje ein del av eit offentleg vaksinasjonsprogram og blir derfor ikkje dekka av refusjonsordningar. Vaksinen og vaksinasjon må betalast sjølv, og pris vil variere avhengig av apotek og legekontor. 

Vaksine mot lungebetennelse (Pneumokokkvaksine)

Alle personar over 65 år eller som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine. 

Ta kontakt med fastlegen din for å få ei vurdering om du tilhhøyrer målgruppa og for eventuelt å få satt vaksinen. Personar i spesielle risikogruppe kan få vaksinen på blå resept.

Vaksine mot hjernehinnebetennelse for ungdom 

Folkehelseinstituttet anbefalar at undom i alderen 16-19 år vurderar å vaksinere seg mot meningokokksjukdom (smittsom hjernehinnebetennelse). Vaksine mot hjernehinnebetennelse får du enten på vidaregåande skule eller på helsestasjon for ungdom. 

Vaksine mot apekopper/M-kopper (mpox)

M-kopper (også kalt mpox og tidlegare apekopper) er ein virussjukdom som smitter ved nærkontakt. For dei fleste er sjukdomen mild og går over av seg sjølv. Den som er smitta får ofte utslett saman med ein del andre symptomer. 

Det fins ei vaksine som kan brukast mot apekopper. Den kan ein få både før og etter smitte. Vaksina blir tilbydt til personar som har høgare risiko for å bli smitta med apekopper.