Bostøtte

Har du lave inntekter og høge boutgifter? Då kan du ha rett til bostøtte. 

Kva er bostøtte? 

Bostøtte er ei behovdsprøvd statleg støtteordning for deg som har lav inntekt og høge boutgifter. Husbanken og kommunen samarbeidar om bostøtteordninga. 

Husbanken som gjer vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har kontakt med deg som søkar. 

Kven kan få bostøtte? 

Du kan ha rett til bostøtte dersom du er

  • over 18 år og ikkje i førstegangstenesten 
  • under 18 år og har barn 

Bustaden din må vere godkjent til bustadformål og ha eigen inngang, eige bad og toalett, ei kjøkkenløysing og moglegheit for kvile. 

Studentar, elevar og lærlingar med rett til lån og stipend frå Lånekassen, har som hovedregel ikkje rett til bostøtte. Les om reglane som gjeld for studentar, elevar og lærlingar.

Slik søker du 

Søknad om bostøtte skjer elektronisk på Husbanken si nettside: 

Har du ikkje moglegheit til å søke digitalt, kan du fylle ut ein søknad på papir og levere den på servicetorget.

Søknadsfristen er den 25. kvar månad. Svar på søknad og eventuell utbetaling er rundt den 20. kvar månad. 

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. 

Dersom Husbanken i ettertid blir kjent med at det har skjedd endringar som kan påvirke grunnlaget for bostøtte, vil det bli gjort eit nytt vedtak som går tilbake til den datoen endringa skjedde. Det betyr at du risikerer å måtte betale tilbake differansen mellom gammal bostøtte og ny bostøtte. 

Les om kva endringar du må melde frå om på nettsida til Husbanken.

Obs! Dersom du flytter, må du søke om bostøtte på nytt. Du må vere folkeregistrert på søknadsadressa innan den 1. i månaden du søker om bostøtte for. 

Klage

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage til Husbanken innan 3 veker frå du mottok vedtaket. 

På Husbanken si nettside kan du lese meir om korleis du klagar på vedtak.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider

Du kan og ta kontakt med servicetorget for å få hjelp og rettleiing.

Informasjon på ulike språk

Apply for housing allowance

Подайте заявку на отримання житлової субсидії

Подайте заявление на получение жилищного пособия

Lover og reglar

Lov om bustøtte

Forskrift om bustøtte

Kontakt

Silje Ramstad
Spesialkonsulent
E-post
Mobil 91 64 02 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post