Kommunal bustadKommunale bustadar er eit tilbod for deg som står utan eigna bustad og ikkje klarer å skaffe deg ein bustad på eiga hand. Tilbodet er mellombels, og målet er at du etter kvart skal finne ein varig bustad sjølv. Sist endra 13.06.2025 10.51 Kva er ein kommunal bustad? Ein kommunal bustad er ein mellombels leigebustad som kommunen tildeler til personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dette kan verre fordi du: står utan bustadhar låg inntekt eller ingen formue ikkje får hjelp gjennom andre offentlege ordningarLeigeavtalen varer som hovudregel i inntil 3 år, og du må sjølv jobbe aktivt for å finne ein varig bustad i denne perioden. Kven kan søke?Du kan søke om kommunal bustad dersom du: har lovleg opphald i Norgesom hovudregel har budd i Sykkylven det siste året manglar eigna bustad, eller står i fare for å miste bustaden din ikkje har økonomiske moglegheiter til å skaffe bustad sjølv er villig til å ta i mot hjelp for å meistre bustadsituasjonen Slik søker duDu søker ved å fylle ut søknadsskjemaet for kommunal bustad: Søknadsskjema - kommunal bustadKva skjer etter at du har søkt? Søknadar blir behandla fortløpande. Dersom du får tildelt bustad, inngår du ein tidsavgrensa leigekontrakt med Sykkylven Bustadselskap.Leigeperioden er normalt 3 år. Du må sjølv arbeide for å finne ein varig bustad i løpet av denne perioden. Treng du bustad raskt? Nødbustad kan vere ei løysingDersom du er i ein akutt situasjon utan ein stad å sove eller opphalde deg det neste døgnet, kan du få hjelp til mellombels bustad gjennom Nav Sykkylven-Stranda. Kontakt Nav Sykkylven-Stranda