Omsorgsbustad

Omsorgsbustader er eit tilbod for eldre, sjuke og personar med nedsett funksjonsevne. Bustadane er tilrettelagde for at du skal kunne bu trygt og motta nødvendige helse- og omsorgstenester - utan å bu på institusjon. 

Kva er ein omsorgsbustad? 

Ein omsorgsbustad er ein eigen heim som er fysisk tilrettelagt for personar med bevegelses- eller orienteringsvanskar. Bustaden gjer det mogleg å motta helse- og omsorgstenester, samtidig som du bur sjølvstendig.

Bustaden er ikkje ein institusjon, men ein del av det ordinære butilbodet, og du har dei same rettane til tenester som andre heimebuande. 

Kven kan få omsorgsbustad?

Du kan søke om omsorgsbustad dersom du: 

  • er eldre, sjuk eller har funksjonsnedsetting
  • har vesentleg fysisk og/eller psykisk funksjonssvikt 
  • ikkje lenger opplever tryggleik eller tilfredsstillande livskvalitet i eigen bustad

Slik søker du 

Du søker ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester: 

Vi anbefalar alle å søke digitalt. Du kan også søke på vegne av andre, til dømes som verge, ektefelle eller sambuar. 

Kva skjer etter at du har søkt? 

  • Kommunen gjer ei heilskapleg vurdering av behovet ditt 
  • Tildeling skjer ut frå behov og tilgjengelege bustadar
  • Du får skriftleg svar med vedtak

Kan eg bytte omsorgsbustad? 

Som hovudregel blir ikkje bustadar bytta. Men i særlege tilfelle, til dømes ved endra helsetilstand, kan det gjerast unntak. Då må du bruke same søknadsskjema og forklare kvifor du ønsker å bytte. 

Kontakt

Møyfrid Kleppe Bakke
Leiar/sakshandsamar
E-post
Mobil 90 52 96 69

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post