På dagsenteret får eldre som bur heime tilbod om sosiale aktivitetar og næringsrike måltid.
Dagsenteret skal førebygge einsemd, bidra til eit sosialt fellesskap og ha fokus på gode måltid.
Aktivitetane på dagsenteret er til dømes: trim, bingo, musikk, spel, handarbeid og diverse arrangement. Aktivitetane er tilpassa den enkelte sine ønsker og moglegheiter.
Sist endra 22.10.2024 11.08
Opningstid: mandag, onsdag og fredag
Måltid: lunsj kl. 11 og middag kl. 14.45.
Brukarane blir henta heime av “Oskarbilen” som startar frå Sykkylven omsorgssenter kl. 09.30, og returnerer frå Sykkylven omsorgssenter kl. 15.15
Dagsenter er gratis, betaling for måltid etter fastsett pris.
Her finn du prisliste
Kven kan få tilbod?
Dagsenter ved Sykkylven omsorgssenter er eit tilbod til eldre heimebuande med behov for aktivisering/sosial deltaking, samt eit avlastningstilbod til pårørande som yter omsorg for sine eldre.
Korleis få tilbod?
Søknadsskjema finn du her.
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved Sykkylven omsorgssenter. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.
Dersom du har utfordringar med å fylle ut digitalt skjema kan du laste ned og fylle ut skjemaet manuelt:
Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)
Kva skjer vidare?
Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Følg oss gjerne på facebook