Bustader med heildøgns omsorg

Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) har 42 leiligheiter for eldre som har behov for omsorg og tryggleik heile døgnet. Tilbodet gir bebuarane høve til å bu i eigen leiligheit, samtidig som dei får tilgang til helsepersonell og fellesskap i bufellesskap. 

Tilbodet ved BUAS

Bustadane er fordelt på to soner: 

  • Sone 1 har 24 leiligheiter fordelt på tre bufellesskap 
  • Sone 2 har 18 leiligheiter fordelt på to bufellesskap

I tillegg er det ei avdeling med 10 institusjonsrom for langtidsopphald. 

Det er fast personell i turnus heile døgnet. Alle bufellesskap har fellesstove med TV og høve til å ete måltid saman. Bebuarane nyttar sin eigen fastlege. 

Mat og måltid 

Sykkylven bu- og aktivitetssenter har eige produksjonskjøkken som lagar all varmmat. Bebuarane kan velje om dei vil lage mat sjølve i leiligheta, eller kjøpe måltid frå kjøkkenet. 

Måltida som blir servert er: 

  • Frukost: kl. 09:00 - 10:30.
  • Lunsj: kl. 12:00.
  • Middag med dessert: kl. 15:00.
  • Kveldsmat: kl 19:00.
  • Nattmat: ved behov.

 

Kven kan få bustad med heildøgns omsorg? 

Tilbodet er for eldre som har behov for omsorg og tilsyn heile døgnet. Det kan vere på grunn av fysisk funksjonssvikt, kognitiv svikt eller andre helseutfordringar. 

Kriterium for tildeling 

Ved vurdering av behov blir det lagt vekt på: 

  • Kor omfattande og varig hjelpebehovet er
  • Om personen kan tilkalle hjelp ved behov 
  • Om tilrettelegging og hjelpemiddel i eigen heim er tilstrekkeleg 
  • Om andre alternativ er prøvd og vurdert som ikkje forsvarlege 
  • Om personen har samtykkekompetanse og ikkje er til fare for seg sjølv 

Kommunen nyttar LEON-prinsippet (lavaste effektive omsorgsnivå) og omsorgstrappa for å sikre at kvar person frå rett tenestenivå. 

Slik søker du

Du søker ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Pårørande kan også søke på vegne av brukaren. 

I søknaden bør du beskrive: 

  • Kva behov du har 
  • Kva som er viktig for deg
  • Kva tenester du meiner du treng

Dersom du treng hjelp til å søke, kan du kontakte tenestekontoret ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter eller servicekontoret på rådhuset. 

Digitalt søknadsskjema - helse- og omsorgstenester

Har du ikkje moglegheit til å søke digitalt, kan du printe ut papirskjema og sende det til kommunen. 

Papirskjema - Søknad om helse og omsorgstenester (PDF, 678 kB)

Pris og betaling

Leigeprisen går fram av husleigekontrakta. Prisane blir vedtekne av kommunestyret og justert årleg frå 1. januar.

Sjå prisliste for helse og omsorgstenester

Det er mogleg å søke om bustøtte dersom du oppfyller visse vilkår. Les meir om bostøtteordninga.

Når får du svar? 

Søknader blir behandla fortløpande. Du skal få svar innan 3 veker. Svaret vil innehalde anten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar. 

Klage

Dersom du ikkje får innvilga søknaden, kan du klage. Klagefristen er 4 veker, og informasjon om klageprosessen følger med vedtaket. 

Opningstider for besøk

Det er ope for besøk når ein ønsker det.  Hovuddøra blir automatisk låst kl. 22.00.

Lover og reglar

Kontakt

Tenestekontoret
E-post
Mobil 94 15 88 14

Adresse

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, inngang ved pensjonistsalen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Wenche Oldeide
Einingsleiar
E-post
Mobil 90 11 82 18

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post