Ergoterapi

Ergoterapeuten hjelper deg med å meistre kvardagen best mogleg. Målet er at du skal kunne delta i aktivitetar som er viktige for deg – heime, på jobb, i fritida eller i institusjon.

Kva tilbyr ergoterapitenesten? 

Ergoterapeuten ser på kva som er viktig for deg i kvardagen, og finn løysingar som gjer det mogleg å delta. 
Det kan handle om å: 

  • Trene på daglege aktivitetar
  • Tilpasse bustaden din 
  • Finne og tilpasse hjelpemiddel 
  • Gi råd om energisparing og ergonomi 

Kven kan få hjelp?

Alle som har utfordringar i dagleglivet kan få hjelp av ein ergoterapeut, uavhengig av alder og om du bur heime eller på institusjon. 

Tilbodet er gratis. 

Slik får du kontakt

Du kan sjølv ta kontakt med ergoterapeut og be om ein avtale. Det blir då avtalt eit møte for å kartlegge utfordringane dine og vurdere aktuelle tiltak. 

Pårørande eller andre tenester kan også ta kontakt på dine vegne, dersom du har gitt løyve til dette. 

I periodar med stor pågang kan det vere noko ventetid. Dersom du ikkje kjem gjennom på telefon, kan du sende e-post til ergoterapeuten. Kontaktinformasjon finn du i høgremargen. 

Kontakt

Esther Kulleseid
Ergoterapeut vaksne
Mobil 91 00 47 30

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og vaksne
E-post
Mobil 95 97 70 99

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post