Innsatsteam/kvardagsrehabiliteringInnsatsteamet er eit tverrfagleg team som tilbyr trening i daglege aktiviteter. Teamet består av fysioterapeut og ergoterapeut, og vi samarbeidar med heimetenestene der det er aktuelt. Dette er eit av tilboda som Sykkylven kommune satsar på for å bidra til ein aktiv alderdom med god livskvalitet for innbyggjarane. Målet er å bli mest mogleg sjølvhjulpen, kunne bu heime lengst mogleg og kunne delta i sosiale samanhengar. Innsatsteamet har fokus på førebygging og tidleg innsats. Sist endra 03.06.2025 10.11 Målgruppa for innsatsteamet er:Du som bur heime, men ikkje lenger har samme funksjon som før og slit med å meistre til dømes forflytning, personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar i kvardagen. Du som skal heim frå sjukehus eller korttidsopphald ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter og treng ekstra støtte og trening i ein overgangsfase.Du som er motivert til å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad.Du som kan formulere eigne mål, som forstår rettleiing og instruksjon, og er villig til å gjere ein innsats for å nå måla dine. Kva gjer innsatsteamet:Innsatsteamet gjer ei kartlegging der utgangspunktet er kva som er viktig for deg å meistre i ditt liv no, og det blir saman med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag.Innsats: Kartlegginga dannar grunnlag for korleis vi saman skal arbeide for at du skal nå måla dine. Innsatsen består i hovudsak av trening i daglege gjeremål. Til dømes kan det vere aktuelt å øve på å gå trappa i huset ditt, hente avisa, innkjøp og tilbereding av mat og tilrettelegging av bustaden din. Treninga skjer i heimen din og nærområdet ditt. På denne måten kan vi sjå kva utfordringar du har i kvardagen, og vi kan trene på dei aktivitetane du faktisk treng å meistre. Tilbodet blir gitt som tett oppfølging i ei tidsavgrensa periode. Ved avslutning tek vi ei oppsummering med utgangspunkt i dei måla du sette ved oppstart, og legg ein plan for vegen vidare. Både pårørande og du sjølv kan ta direkte kontakt med innsatsteamet for vurdering av om dette kan vere eit aktuelt tilbod for deg.Tenesta er gratis.