Velferdsteknologi/helseteknologi

Velferdsteknologi kan bidra til auka tryggleik, mestring og sjølvstende i kvardagen. Teknologien kan støtte deg i å bu lengre heime, delta sosialt og vere meir aktiv - sjølv om du har sjukdom eller nedsett funksjonsevne. 

Kva er velferdsteknologi? 

Velferdsteknologi er tekniske løysingar som kan gjere kvardagen tryggare og enklare. Teknologien blir tilpassa dine behov og skal støtte deg i å klare deg sjølv. 

Døme på velferdsteknologi: 

  • Digital tryggleiksalarm 
  • Dørsensor og bevegelsessensor 
  • Lokaliseringsteknologi og fallsensorar 
  • Komfyrvakt og brannvarsling 
  • Elektronisk dørlås 
  • Medisineringsstøtte 
  • Videokommunikasjon og kommunikasjonshjelpemiddel 

Du kjenner kvardagen din best, derfor er det viktig at du er med i vurderinga av kva som fungerer for deg. Målet er at du skal kunne mestre eigen livssituasjon og vere mest mogleg sjølvhjelpen. 

Kven kan få tilbod?

Tilbodet gjeld for deg som: 

  • Bur eller oppheld deg i Sykkylven kommune 
  • Har helsesvikt og behov for velferdsteknologi eller tryggleiksalarm i heimen

Behovet blir vurdert etter søknad, og det blir fatta vedtak på hjelpa. 

Slik søker du

Du kan søke ved å kontakte:

Har du allereie kontakt med ei helse- og omsorgsteneste i kommunen, kan du også ta kontakt med den tenesta. 

Kva koster det?

Velferdsteknologi er gratis dersom den erstattar anna helsehjelp. 

Kva skjer vidare?

Søknadar blir behandla fortløpande. Du skal få svar frå kommunen innan 3 veker - enten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar. 

Kontakt

Tenestekontoret
E-post
Mobil 94 15 88 14

Adresse

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, inngang ved pensjonistsalen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Søgni Margrete Grøndal
Fagkonsulent velferdsteknologi og tenestedesign
E-post
Mobil 46 81 54 30

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post